Berit Opheim, vokal Karl Seglem, bukkehorn, elektronikk Sigbjørn Apeland, trøorgel Nils Økland, hardingfele
I tolkinga til desse prisløna og markante musikarane står Draumkvedet fram som både enkelt og nært, visjonært og fantastisk. Alle er kjende for å søkja nye uttrykk og utfordre det etablerte, og på cd-utgjevinga Opheim/Seglem gjorde i 2009 står denne middelalderballaden fram som eit eineståande musikalsk visjonsdikt. Den skapar eit grunnleggande utgangspunkt for konsertane. Berit Opheim har arbeida med Draumkvedet heile sitt kunstnarliv, gjennom uttalige konsertar. Saman med nokre av sine beste musikarvener skapar og formidlar ho nytt kvar einaste gong.
Om Draumkvedet Me møter draumane og visjonane til Olav Åsteson. Han fall i svevn julafta, og vakna 13 dag jul (6.januar) I draumane han hadde, vandra han gjennom dødsriket og såg syndarane få si straff. Men Draumkvedet handlar ikkje berre om himmel og helvete. Olav Åsteson si vandring handlar også om det å bli eit heilt menneske, og dei sterke, skakande og styggvakre draumane rommar det meste av det eit lite menneskeliv kan drøyma om.
Draumkvedet vart nedskrive av Jørgen Moe og M.B.Landstad midt på 1800-talet og har ei særeiga stilling i norsk og nordisk folkefdiktning. Dette visjonsdiktet fasinerer, utfordrar og provoserer, og er den mest sentrale og viktigaste middelalderballaden me kjenner til.
Aftenposten, Terning 5 "Varmen og klangfullheten i stemmen og hennes vare lydhørhet for balladens stemningsrikdom er med på å dra deg inn i fortellingens dype alvor. Hennes vokale grep er totalt. Hun er den fremste i sin kunstform, og viser igjen sitt mesterskap Drømmeriket. To intense, nakne, fascinerende og utrolig vakre tolkninger av denne middelalderballaden”
Vårt Land “Det er ei så god samanheng i denne framføringa – ei ro og ei nesten transeboren formidling – Dette er to plater egna til ei lang indre reise”
Bergens Tidende, Terning 5 Visjonært og fantastisk: tradisjon med remiks. - Og slik fungerer denne platen; den krever nærmest at lytteren skal høre den på ny og på ny. En ny flott utgave av Draumkvedet som vil bli stående lenge"
Varden, Terning 5 “Vi snakker om norsk kulturhistorie her, og skal være takknemlig for at noen bærer det videre på en slik måte”.
Nordische Musik (Tyskland) Terning 6 “CD1 er soloversjonen. Her kan vi høyre ei av dei mest interessante kvinnestemmene i Noreg. Ho gjev DK ei musikalsk form som samstundes både er karrig og gripande, detaljrik og enkel, lyfta og gjort rikare av små improvisasjonar som aldri forstyrrar musikken sitt opphav, men som likevel plasserer den i notida. På CD2 tilfører Seglem songen flagrande elektronikk og rå, einsame brek frå bukkehornet. Dette fungerer innimellom som eit mystifiserande element, men aldri så mykje at sjølve grunninga vert overkøyrt. Slik kling det når ein held tradisjon i live: stort, alvorleg, friskt som seg hør og bør. For dette må ein berre gje terningkast 6 (maks poeng) i alle kategoriar”.
Les mer og kjøp billetter: https://nye-nor.hoopla.no/event/1216283534




