EKSTRAFRAMSYNING: Språksjov med Linda Eide finner sted på Balestrand Hotell i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://balestrandhotell.ticketco.events/no/en/e/ekstraframsyning_spraaksjov_med_linda_eide
LIVET ER EIT SPRÅKSJOV– Kva språket har gjort med meg
Linda er mildt sagt opptatt av språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det, og laga sjov om det – og kjem til Balestrand Hotell med det!
Om framsyningaBli med inn i Lindas språkunivers, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå han Knut under bakken til ho Peranna på Høgde. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå journalistutdanning til sparken på dagen.
Dette er scener frå eit språkliv – til glede, sinne, trøyst, og rett som det er, berre blott til lyst.
Laurdag 3. oktober
Dører: 17:30
Start: 18:00
Varigheit: Om lag ein time
Billettpris: 400,-
OBS! Viktig informasjon: Dette er ei ekstraframsyning før den utselde framsyninga kl. 21. Når sjovet er ferdig, må publikum forlate arrangementslokalet, slik at vi kan gjere klart til neste framsyning.
Ei helg full av språk, musikk og latterTil Balestrand Hotell kjem også Frynsegodene. Gruppa består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad, Christina Brunner, saman med Eide. Med mottoet “lite for øret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning.
Det blir ei innhaldsrik helg på hotellet, med pubkveld med Frynsegodene fredag 2. oktober og språksjov med Linda laurdag 3. oktober. Her er det altså berre å glede seg.
Sjå heimesida vår eller arrangementsida på Facebook for oppdateringar og meir informasjon.
Overnatting Treng du overnatting? Vi har laga eit eige tilbod for denne helga, der romprisen inkluderer frukost. Det kjem meir informasjon om høve til å bestille middag i tillegg. Ting rom som vanleg via bookingsida vår.
Book rom her
Ta med deg ein ven, ein kjærast eller ein forelder, og kombiner sjovet med overnatting, sauna, god mat og hauststemning ved fjorden.
Velkomen!






