«Fleur og Florian» er ein scenetekst om ein symbiotisk familierelasjon i møte med ein løyndom om sjukdom og død. Ei vaksen mor og ein vaksen son under same tak står fast i eit liv dei ikkje kjem seg ut av, kor ingen klarar å gi det den andre treng. Når skal sonen flytta ut og skapa sitt eige liv?
Huset knirkar, kattane kreler, fjernsynet står alltid på, mora spyr i trappene, enno ein hårlokk på golvet og sonen står og ser på, drikk Red Bull og veit ikkje kva han skal gjera.
Om dramatikeren
ERLEND AUESTAD DANIELSEN (f.1993) er utdanna dansar ved Kunsthøgskolen i Oslo og har studert skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han er tverrfagleg scenekunstnar med utøvande og skapande roller i dans, teater og literatur og driv Montebøllo Kunstkollektiv i Oslo saman med 16 andre kunstnarar. Som skrivande utforskar han korleis menneske lagar seg strategiar i møte med noko som opplevest umogleg. «Fleur og Florian» er hans første scenetekst og har vore igjennom DHs Nye dramatikere ordning.
Medvirkende
Regissør Erlend Samnøen
Skodespelarar Toivo Ty Terjesen, fleire TBC
Sparrepartnarar/dramaturgar: Uma Feed, Ane Aass, Kristin Auestad Danielsen og Amanda Øiestad Nilsen
Les mer og kjøp billetter: https://dramatikkenshus.hoopla.no/event/670989166






