"Forteljingane vi kjenner oss att i" – Talkshow med Finn Tokvam og Ingrid Nedrebø finner sted på Løa i Jakob Sande - senter for forteljekunst i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://senterforforteljekunst.ticketco.events/no/en/e/foteljingane_vi_kjenner_oss_att_i__ein_kveld_med_finn_tokvam_og_ingrid_nedreboe
Då Finn Tokvam skulle lage si fyrste soloframsyninga, «Velkomen», leita han fram historier frå si eiga heimbygd, Flåm.
Det som skulle bli åtte framsyningar, vart over hundre, spreidd over to år. I oktober spelte han den aller siste, og tilbakemeldingane var ofte dei same: Folk kjende seg att i det Finn fortalde om oppveksten på bygda.
Kva gjer det med oss å sjå seg sjølve i andre sine historier og kva forteljingar kjenner vi oss att i, i dag?
Finn Tokvam er nynorskmann, forfattar, humorist og journalist i NRK.
Gjennom tre tiår i rikskringkastinga har Tokvam markert seg med sin særeigne og folkekjære forteljestil.
Slekt, naboar som stadig kom på besøk og dei klassiske «karane på benken» la grunnlaget for den historieforteljaren Finn Tokvam er i dag.
Korleis bevare den munnlege forteljekunsten i møte med ein stadig meir morderne og digital kvardag?
Det blir anekdotar, musikk, Sande-allsong og utdrag framsyninga «Velkomen» når Finn Tokvam kjem til Løa 1. desember, som også markerer 120-årsdagen til Jakob Sande.
Samtalen blir leia av Ingrid Nedrebø frå Fjaler. Ho er journalist, musikar og programleiar, og har mellom anna leia Ukeslutt på NRK P1.






