Klubb Komle på tur + Gasper Nali Band finner sted på Larris Scene og biblioteket, Scandic Sunnfjord Hotell & Spa i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://fordefestivalen.ticketco.events/no/en/e/klubb_laurdag
🔊 På Larris Scene: Klubb Komle på tur / DJ RadsenBergens eigen folkemusikk-nattklubb på turné i Førdefestivalen!
Klubb Komle serverer dansbar husmannskost i klubbformat – der folkemusikk, klubb og fest smeltar saman. Her er det rom for både fele og fotarbeid, og kvelden byggjer seg opp med tempo, energi og sving.
Med:
Folkedansinstruksjon med Lars og AreHrayBeryFolksomtDJ RADSEN
🔥I biblioteket: Gasper Nali Band / DJ Daeva
For første gong i Noreg!
Gasper Nali er ein heilt unik artist frå Malawi, verdskjend for sin sjølvlaga babatoni – eit instrument som kombinerer bass, perkusjon og strengar. Med røter i Kwela-tradisjonen skaper han ein intens, drivande og hypnotisk lyd.
Sidan det virale gjennombrotet i 2015 har Gasper gjeve ut to kritikarroste album, turnert verda rundt og bygd ein global fanskare. No kjem han endeleg hit.
Gasper Nali – babatoni, vokal
Davie Luhanga – perkusjon, vokal
Mattias Stålnacke – gitar
Etter Gasper Nali Band tek DJ Daeva over, og fyller biblioteket med rytmar frå alle kontinent. Her er det berre å halde beina i gang til ut i dei små timar!
Éin billett gjeld for begge etasjane.
Gasper Nali
