Matkurs: Påleggsfest – julefrukosten lagar vi sjølve! finner sted på Støvå Pop Up i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://stenematglede.ticketco.events/no/en/e/matkurs_paaleggsfest__julefrukosten_lagar_vi_sjoelve
Gløym ferdigpakka pålegg – denne kvelden fyller vi bordet med heimelaga godsaker!
Bli med på ein sosial og smakfull kveld hos Stene Matglede, der vi går laus på noko av det aller kjekkaste med jula; ein stor og bungnande felles frokost med det lekraste pålegget:-) Og pålegget du har laga sjølv er jo aller best!
Vi skal sylte, røre, smake og lage fleire ulike typar pålegg heilt frå grunnen av. Det blir mellom anna heimelaga leverpostei, tomatsild, sylta agurk, bønnetapenade og varmrøyking av fisk – pluss fleire små godsaker og masse tips du kan ta med deg vidare på ditt eige kjøkken.
Og sidan vi nærmar oss jul, passar timinga ganske perfekt: Målet er at du skal gå heim med både oppskrifter, inspirasjon og kunnskap til å gjere julefrukosten litt ekstra digg i år.
Dette er eit deltakande kokkekurs, så her skal du ikkje berre stå og sjå på. Vi lagar maten saman, smakar undervegs og snakkar om råvarer, teknikkar, variasjonar og korleis du enkelt kan lage skikkeleg godt pålegg sjølv.
Og sjølvsagt får du med deg eit utval av godsakene heim!
Praktisk infoDato: mandag 30. novemberStad: Støvå PopUp, Rogagaten 26Tid: 17.00 – ca. 21.00Pris: 1850 kr per personMaks: 8 deltakarar
Kurset inkluderar:Alle råvarerVeileiing, oppskrifter og masse tipsLån av forkle og alt av utstyrSmaksprøver undervegsEigne heimelaga pålegg til å ta med heimKurset foregår på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26.
Kom svolten på både mat og kunnskap – og gå heim klar for å imponere rundt julefrukostbordet!






