Matkurs: Soppdyrking med Hella Sopperi og Stene Matglede okt 26 finner sted på Støvå Pop Up i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://stenematglede.ticketco.events/no/en/e/matkurs_soppdyrking_med_hella_sopperi_og_stene_matglede_okt_26
Nybegynnarkurs i dyrking av østerssopp med Erlend og Helene frå Hella Sopperi og Anne Lill frå Stene Matglede.
Kan ein verkeleg dyrke matsopp heime? Ja! På dette kurset lærer du korleis du enkelt kan dyrke din eigen østerssopp utan dyrt eller avansert utstyr.
Gjennom ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid får du lage din eigen dyrkepose som du tek med heim. Du kan velje mellom blå eller rosa østerssopp, og etter kurset vil du ha kunnskapen du treng for å dyrke sopp til eige bruk.
Men dette er meir enn eit dyrkekurs.
Anne Lill frå Stene Matglede deler tips og idéar til korleis du kan bruke soppen på kjøkkenet, frå enkle kvardagsrettar til smakfulle smårettar. Undervegs blir det servert smaksprøver som viser kor allsidig og god østerssopp kan vere.
Program for kurset
Litt om Hella SopperiIntroduksjon til soppdyrking og dyrkeprosessenPraktisk dyrking del 1Smaksprøver og prat om bruk av østerssopp i matlagingPraktisk dyrking del 2Korleis passe på soppen heimeTips til vidare dyrking og utstyr
Kurset varer ca. 2 timar
Maks 15 personarKl. 18–201100 kr per person
Kurset inkluderer
Dyrkepose med valfri blå eller rosa østerssoppRåvarer og utstyr som trengstRettleiing frå Hella SopperiTips til bruk og tilbereding frå Stene MatgledeSmaksprøver laga med sopp frå Hella SopperDyrkepose som kan gi om lag 1 kg sopp
Dette kurset kombinerer praktisk soppdyrking med matfagleg inspirasjon, slik at du både lærer å dyrke soppen og får idéar til korleis du kan nyte den når den er klar til hausting :-)






