Midnattskoret presenterer "Eg er din mann" – Ei nær og varm Cohen-hylling finner sted på Grytebakke Gård i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://valaker.ticketco.events/no/nb/e/midnattskoret_presenterer_eg_er_din_mann__ei_naer_og_varm_cohenhylling
Leonard Cohen på nynorsk – Midnattskoret på Grytebakke gård Fredag 18. september
Det finst songar som ikkje berre blir høyrde, men som blir bore gjennom liv og år. Denne kvelden tek vi, Midnattskoret, med oss våre tolkningar av Leonard Cohen – i nynorsk språkdrakt.
At Cohen blir gjort på nynorsk, er kanskje litt uventa. Men det fungerer. Overraskande godt, faktisk.
Vi er truleg dei einaste som reiser rundt og framfører desse songane på nynorsk, og nett difor er det ekstra fint å gjere det på Grytebakke gård: ein stad med sjel, nær jorda, nær livet, nær alt Cohen skreiv om.
Konserten har blitt svært godt motteken, og vi ønskjer å gje ei roleg, varm og ærleg oppleving — med songar som har følgt oss lenge, og som no får eit nytt språk og eit nytt rom å klinge i.
Velkomen til ei kveldsstund med varme, humor, sakn og lys. Ein kveld der vi pustar litt rolegare.






