MOTSTANDSKRAFT finner sted på Sentralbadet Litteraturhus i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://littsymp.ticketco.events/no/en/e/motstandskraft
Djup fred har blitt avløyst av krig, ustabile politiske leiarar, klimakrise og eit internett som har gått amok. Trusselbildet er meir alvorlege enn på lang tid. Demokratiske grunnverdiar er i spel. Samtida kjennest farleg, usikker og kaotisk.
Motstandskraft handlar om å halde hovudet kaldt i ei stadig varmare verd. I motstandskrafta ligg motet; å stå opp for det som er viktig, motstanda; å sette seg på bakbeina i staden for å lunte med. Her ligg òg ordet stand; eit standpunkt, ei stilling, ein posisjon - det motsette av å vere samd med siste talar. Her ligg krafta; den makta ein kan ha som einskildmenneske og fellesskap i møte med dei som ikkje vil oss vel.
Sentralbadet litteraturhus har sett seg føre å undersøka rolla til kultur og kritisk tenking som ein del av beredskapen. Kulturen er samtalane vi deler, prinsippa vi handlar etter og fellesskapet vi ønsker å bevara. Handlar beredskap vel så mykje om kva ein har mellom øyra som kva ein har i kjellaren?
Cecilie Hellestveit, jurist og samfunnsvitar frå Kvinnherad med doktorgrad i internasjonal humanitærrett/krigens folkerett møter jurist og programvert Hedvig Moe til samtale.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026, med tema VRANG.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg Litteratursymposiet kan kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.






