Då Mari Elise Haugen var 15 år vart livet hennar snudd på hovudet då ho vart diagnostisert med den sjeldne sjukdomen Takayasus Arteritt. Takayasus er ein kronisk sjukdom og når nokon har ein kronisk sjukdom kan dei ønske å få støtte og forståing, men det ein får mest av er råd og spørsmål.
Nokon lurar på kvifor Mari kan gå på fest sjølv om ho har ein kronisk sjukdom, andre lurar på om ho har forsøkt gurkemeie eller yoga, og NAV lurar på om ho har lært seg å stå opp om morgonen.
«NAVasté» er eit teaterstykke om Mari Elise og andre i hennar situasjon, som har nok å stri med om dei ikkje skal måtte forklare seg heile tida.
Kjersti Wøien Håland er poet og dramatikar frå Høyanger. Ho har gitt ut ei rekke diktsamlingar, ein roman og jobba på fleire TV-seriar inkludert «Lovleg» der ho var serieskapar. Ho har dei siste åra tredd inn i teaterverda, blant anna med dette prosjektet.
Mari Elise Haugen er ein skodespelar frå Svelgen som arbeidar i Oslo. Ho har vore med å starte Teater Pappvin som køyrer ei rekke populære teaterkonsept i Oslo som «Klassikere på druen» og «Friends: the one where everyone drinks». Ho spelte mot Sofia Knudsen Estifanos i Sofia sitt stykke «Eid av Oslo Kommune». NAVasté er basert på hennar erfaringar.
Medvirkende Manus: Kjersti Wøien Håland Versktadleiar: Herman Bernhoft Skodespelar: Mari Elise Haugen Skodespelar: Sofia Knudsen Estifanos Skodespelar: Mathilde Alfrida Jakobsen Skarpsno
Les mer og kjøp billetter: https://dramatikkenshus.hoopla.no/event/768949091




