SAMTALE: Hendene sin metode og mentalitet finner sted på Mellombels ølstove i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://jorddogn.ticketco.events/no/en/e/samtale_hendene_sin_metode_og_mentalitet
Hendene har kanskje alltid vore mennesket sin viktigaste reiskap. Dei har gitt omsorg, dyrka jorda, vevd klede, bygd byar og ført krig. Likevel har manuelt arbeid også blitt sett ned på, og til og med blitt sett som ei straff frå Gud. Kva er statusen til handarbeid og handverk i dag? Og, ikkje minst, kva er hendene si framtid?
Høyr kunsthandverkaren, psykologen og forfattaren av boka «Craft psykologi» Anne Kirketerp i samtale med tømrar og forfattar av boka «Hendenes metode» Ole Henrik Thorstensen.
Samtaleleiar er Bothild Å. Nordsletten, jorddøgnar, journalist og sev(siv)handverkar.






