3-retters middag // Fjærå Sjøhus // Håsong 2026 finner sted på Hosanger i Norge.
Se billettleverandørens side for billettpriser og kjøp: https://haasong.ticketco.events/no/nb/e/3retters_middag__fjaeraa_sjoehus
Foto: Rune Langeland
Bygda Hosanger, som kyrkjestad og kommunesentrum, og spesielt området rundt Mjøsvågen, har opp gjennom åra hatt mange skjenke- og serveringsstader.
Fjærå Sjøhus held til i lokale som tidlegare har vore både kistefabrikk og naust, og er ei familiebedrift driven av far og son, Terje og Erlend Mjøs. Dei fører stolt vidare bygdas tradisjon med å ta imot tilreisande og bygdafolk. No i ei ny tid, der Hosanger i større grad blir besøkt av folk frå heile verda. Mykje på grunn av Kossdalsvegen og dei 17 spektakulære svingane opp skaret i enden av dalen.
Lokalet i fyrste etasje, med originale tømmerveggar og maritim innreiing, der 3-retteren blir servert, blir til vanleg brukt til pub, intimkonsertar, popup-middagar, private arrangement og meir. Fjærå Sjøhus har lova oss ein spanande meny med mellom anna sjøkreps og breiflabb, og me håpar så mange som mogleg har lyst til å få med seg årets 3-rettar under Håsong.
Meny 3-rettarSjøkrepssuppe
rotgrønsaker · sjørogn · rista surdeigsbrød · ramslauksmør
Breiflabb
Brokkolini · pastinakkpuré · spekeskinke · kantarellsaus
Chantillykrem
fersk frukt · sitroncurd


